Verdigrunnlag
Ein skule bygd på fellesskap
Vil du ha ei vidaregåande utdanning der du blir sett for den du er?
Nærleik
Nærleik pregar kvardagen – i relasjonane mellom elevar og tilsette, og i møtet med lokalsamfunnet.
Kunnskap
Fagleg læring, danning og refleksjon handlar om å utvikle heile mennesket og gi elevane eit godt grunnlag for livet vidare.
Forankring
Ei open kristen forankring som fremjar menneskeverd, fellesskap, ansvar og respekt for naturen rundt oss.
Studieførebuande
Studieførebuande som opnar dører
Tre år fram mot generell studiekompetanse med fokus på fagleg utvikling, danning og refleksjon. Eit breitt tilbod av programfag, kombinert med høgt kvalifiserte faglærarar, gjev elevane eit sterkt fagleg grunnlag for vidare studiar.

Tett oppfølging
Faste vaksne er tett på kvardagen din, følgjer utviklinga di over tid og gjev støtte når du treng det.
Breidde i faga
Realfag, språk og samfunnsfag gir innsikt, forståing og evne til å sjå samanhengar på tvers av fag og erfaringar.
Friluftsliv i fantastiske omgjevnader
Programfaget friluftsliv og turar i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen gjer naturen til læringsarena, møtestad og kjelde til opplevingar.

Verkstad frå dag ein
Praktisk arbeid og fagleg forståing går hand i hand og gir kunnskap som kan brukast i arbeidslivet.
Lokal praksis
Lokale bedrifter er viktige samarbeidspartnarar i opplæringa og bidreg til å knyte undervisninga tettare til arbeidslivet.
Vegen til fagbrev
Tett samarbeid med lærebedrifter gir elevane ein trygg overgang frå skule til læretid og fagbrev.
Bygg- og anleggsteknikk
Byggfag med hendene og hovudet
Praktisk opplæring med tydelege forventningar, tett oppfølging og nært samarbeid med lokale bedrifter.
Her finn du oss
Midt i Lom, tett på Jotunheimen
I hjartet av Lom finn du ein skule med kort veg til bygdeliv, kulturtilbod og dei unike naturområda i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.
Aktuelt
Siste nytt frå skulen
Følg med på det som skjer ved skulen – frå opningsmarkering og fagdagar til søknad og opptak.
Vil du vite meir?
Søk plass, eller ta kontakt om du vil vite meir før du bestemmer deg.


