
I samarbeid med Lom Fjellstyre har friluftselevane fått vere med eit jaktlag på storviltjakt.
Sjølv om det ikkje vart felt dyr denne dagen, fekk elevane oppleve ein spanande og innhaldsrik dag i nydelege omgjevnader i Bøverdalen. Dagen baud på godt sosialt samvær, naturopplevingar i skogen og fleire nærmøte med hjort.
Tema for refleksjon denne dagen var samarbeid, ansvar og jaktkultur. Elevane fekk òg reflektere over bruk av naturen som matkjelde, med vekt på etisk og berekraftig forvaltning av naturressursane, i tillegg til verdien av gode naturopplevingar.


