Vår kvardag
Skulekvardagen
Tryggleik, nærheit og kunnskap i praksis — med ei open og tydeleg kristen forankring som viser seg i korleis vi møter kvarandre.
Verdiane våre
Seks verdiar i praksis
Dette er det vi legg til grunn: seks verdiar som skal vere synlege i undervisninga, i relasjonane mellom menneske, og i ansvaret vi tek for fellesskapet og naturen rundt oss.
01
Kristen forankring
Vi byggjer på kristne og humanistiske verdiar som menneskeverd, nestekjærleik og ansvar, og møter alle med respekt – uavhengig av bakgrunn og livssyn.
02
Nærleik
Hos oss blir du sett og følgd opp i eit trygt fellesskap der du betyr noko.
03
Kunnskap
Kunnskap er meir enn pensum og prøver – det handlar òg om forståing, refleksjon og evna til å sjå samanhengar.
04
Lærarane
Lærarane våre er trygge vaksne og tydelege faglege autoritetar som skaper struktur, meistring og gode relasjonar.
05
Elevane
Elevane får ta aktivt del i læringa og fellesskapet, utvikle ansvar og oppleve at bidraga deira betyr noko.
06
Nynorsk
Nynorsk er undervisnings- og kvardagsspråket vårt og knyter skulen til språket, kulturen og identiteten i regionen.
Lærarane
Lærarane formar skulekvardagen
Lærarane våre er relasjonsbyggjarar, rollemodellar og trygge vaksne som møter elevane med omsorg, tydelege forventningar og fagleg autoritet. Gjennom nærheit og tillit skaper dei rom for læring, refleksjon, ansvar og utvikling – både for den enkelte og for fellesskapet.

Kari Ousten Lyngved

Frikk Kolden

Silje Jonassen

Iver Lund Aakre
Klar for neste steg?
Søk plass, eller ta kontakt om du vil vite meir før du bestemmer deg.