Hopp til hovudinnhald

Om oss

Bli kjend med Jotunheimen vidaregåande skule

Jotunheimen vidaregåande skule er ein offentleg godkjend, open og inkluderande kristen privatskule i Lom, med oppstart hausten 2026. Med Jotunheimen som næraste nabo går fagleg utvikling, sterke relasjonar og opplevingar i naturen hand i hand.

Inngangen til Utgard, der skulen held til

Om skulen

Ein ny skule med tydeleg retning

Skulen ønskjer å gi elevane vidaregåande opplæring i eit trygt og levande skulemiljø, der relasjonane mellom elevar og lærarar verkeleg betyr noko.

Forankring og tradisjon

Forankra i ein rik tradisjon

Skulen er forankra i den rike folkekyrkjelege tradisjonen i Lom og Gudbrandsdalen. Med utgangspunkt i miljøet rundt Lom stavkyrkje vil elevane få ei oppleving av korleis kristendommen har forma liv og samfunn frå mellomalderen til i dag. Verdigrunnlaget byggjer på verdiar frå kristen og humanistisk tradisjon. Vi ønskjer å vere ein open og inkluderande skule, der det er rom for livssyn, danning og refleksjon, og der kvar elev blir møtt med respekt – uavhengig av bakgrunn.

Natur som læringsarena

Tett på nasjonalparkane

Skulen ligg i Gudbrandsdalen, i Lom, med nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen rett utanfor døra. Her ligg skulekvardagen tett på ein storslått, vill og ekte natur. Naturen og nærområdet blir nytta aktivt i opplæringa, og gir elevane unike moglegheiter til å oppleve læring og meistring i eit landskap som set spor – både fagleg og menneskeleg. Felles opplevingar ute skapar samhald, sterke relasjonar læringa blir meir varig og meiningsfull.

Nærleik i praksis

Ein kvardag der du blir kjend

Hos oss er fellesskapet meir enn noko vi snakkar om – det er noko du merkar kvar dag. Lærarane kjenner deg og følgjer deg opp, både fagleg og menneskeleg. Gjennom dagleg kontakt og felles opplevingar byggjer vi eit trygt fellesskap der det er rom for å vere seg sjølv, utvikle seg og høyre til.

Her blir du sett. Her betyr du noko. Her høyrer du til.

Verdigrunnlaget til Jotunheimen vidaregåande skule.

Språk og identitet

Nynorsk i kvardagen

Skulen har nynorsk som både undervisningsspråk og administrasjonsspråk. Dette speglar språk, kultur og identitet i regionen, der eit stort fleirtal av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål.

Kontakt

Spør oss om kva som helst

Lurer du på noko om skulen, studietilbodet eller kvardagen? Send oss ei melding, så svarar vi så raskt vi kan.

Klar for neste steg?

Søk plass, eller ta kontakt om du vil vite meir før du bestemmer deg.