Hopp til hovudinnhald

Praktisk info

Praktisk informasjon

Tydelege rammer og god oversikt gir ein tryggare skulekvardag for elevar og føresette. Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om søknad og inntak, kostnad, busetting og kvardagen på skulen. Ta kontakt med oss om du lurar på noko.

Praktisk info

Spørsmål og svar

Korleis fungerer skuleskyss?

Du kan ha rett på fri skuleskyss dersom du bur minst 6 km frå skulen, eller har særskilde transportbehov. Du søkjer kvart år gjennom MinSkyss. Les reglane og søk hos Innlandet fylkeskommune ↗

Kva reglar gjeld for mobil og digitale einingar?

Mobiltelefonar, hovudtelefonar, øyreproppar og andre digitale einingar skal berre brukast når læraren har gitt løyve.

Kva språk blir brukt på skulen?

Nynorsk er undervisnings- og administrasjonsspråket. Elevar kan bruke bokmål som hovudmål dersom dei ønskjer det.

Er skulen offentleg godkjend?

Ja. Jotunheimen vidaregåande skule er godkjend etter privatskulelova og følgjer godkjende læreplanar. Når du fullfører og består, får du dokumentasjon etter dei nasjonale reglane for vidaregåande opplæring.

Må eg vere kristen for å gå her?

Nei. Skulen er open for elevar med ulik tru og livssyn. Du vil møte ei open og tydeleg kristen forankring, og vi legg vekt på respekt for det som er rundt oss, menneskeverd og fellesskapet.

Kan eg få støtte frå Lånekassen?

Elevar i vidaregåande opplæring kan søkje om utstyrsstipend. Nokre kan også ha rett på andre stipend eller lån, avhengig av situasjonen. Sjå gjeldande vilkår hos Lånekassen ↗

Kva kostar det å gå her?

Du betaler ikkje skulepengar hjå oss — undervisninga er gratis! Du må rekne med kostnader til eige utstyr, og du får ei konkret utstyrsliste for studieretninga di. Alle elevar i vidaregåande opplæring kan søkje utstyrsstipend frå Lånekassen. Bur du på hybel, kjem husleige i tillegg, og den avtaler du direkte med utleigar.

Kva linjer tilbyr de?

Vi tilbyr to studieretningar: studieførebuande (studiespesialisering), som gir generell studiekompetanse på tre år, og bygg- og anleggsteknikk, som er eit yrkesfagleg løp med to år på skulen og læretid fram mot fagbrev. Her tilbyr vi VG2 – Tømrar. Vel du realfagsfordjuping på studieførebuande, får du spesiell studiekompetanse.

Når er søknadsfristen, og korleis søkjer eg?

Søknadsfristen er i år 1. mars. Du søkjer gjennom søknadsskjemaet vårt. Skulen kan ta inn elevar etter fristen så lenge det er ledige plassar.

Når får eg svar på om eg har fått plass?

Tilbod om skuleplass ved ein privat vidaregåande skule kjem ofte litt tidlegare enn, eller parallelt med, det offentlege inntaket i fylket. For førsteinntaket skjer dette vanlegvis i midten av juli, ofte i perioden 10.–20. juli.

Er det karakterkrav for å kome inn?

Nei, skulen har ikkje eit fast karakterkrav for inntak. Søkjarar med ungdomsrett og bustadadresse i Lom, Skjåk eller Vågå blir prioriterte dersom det er fleire søkjarar enn plassar. Sjå inntaksreglementet for kva reglar som gjeld.

Er det internat, eller korleis bur elevane?

Skulen har ikkje internat. Elevane våre bur i nærområdet. Bur du ikkje i nærleiken, tek du berre kontakt med oss — så hjelper vi deg å finne ein stad å bu. Elevar som bur borte frå heimen, kan søkje bortebuarstipend frå Lånekassen.

Kva skil dykk frå ein fylkeskommunal vidaregåande skule?

Vi er ein offentleg godkjend privatskule etter privatskulelova og følgjer godkjende læreplanar. Du får same vitnemål og dei same rettane til Lånekassen og skuleskyss som ved ein fylkeskommunal skule. Skilnaden ligg i størrelsen og nærleiken, i den opne kristne forankringa og i at du søkjer direkte til oss gjennom søknadsskjemaet vårt.

Kva gjer elevane på fritida?

Jotunheimen vidaregåande skule ligg midt i nasjonalparkriket, tett på Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, og her er mykje å ta seg til — både innan friluftsliv og kulturtilbod. Skulen brukar turar, aktivitetar og felles opplevingar som ein del av skulekvardagen, og Lom har eit aktivt idretts- og kulturliv utanom skuletida.

Klar for neste steg?

Søk plass, eller ta kontakt om du vil vite meir før du bestemmer deg.