Hopp til hovudinnhald

Velkomen til den offisielle opninga av Jotunheimen vidaregåande skule

Snorklipping under den offisielle opninga av skulen

Måndag 17. august 2026 opnar Jotunheimen vidaregåande skule dørene for aller første gong. Ver med og feire fellesskapet – ein merkedag for heile dalen.

Opninga går føre seg i Utgard og i Lom stavkyrkje, og heile dagen er open for alle. Det blir snorklipping, talar, panelsamtale, musikalske innslag, kakefest, politisk debatt og skulegudsteneste. Ta med naboen, ta med familien – dette er ein dag for bygdene i Ottadalen.

Praktisk

Dato: Måndag 17. august 2026
Stad: Utgard og Lom stavkyrkje
Oppmøte: Hovudinngangen til Utgard, kl. 08.30

Program

08.30–08.45 · Oppmøte
Ved hovudinngangen til Utgard.

09.00 · Snorklipping og offisiell opning

09.00–11.00 · Opningsseremoni i Utgard
Talar, panelsamtale og musikalske innslag frå Matoma og Lina Haug.

11.30–12.30 · Kakefest i Utgard

12.45–13.30 · Politisk debatt
«Midt i ei uroleg verd går livet vidare i distrikta – kvar har det vorte av distriktspolitikken?»

13.30–14.30 · Pause, mingling og media

14.30–15.15 · Skulegudsteneste i Lom stavkyrkje
Alle er velkomne.

Parkering

Parkering i Grov. Køyr mot Ottadalen Mølle, og følg skilting og rettleiing frå parkeringsvaktene.

Vi gler oss til å sjå deg 17. august!