Tilsette

Trygge og fagleg sterke lærarar står sentralt i skulekvardagen. Ved Jotunheimen privatistskule vil engasjerte og dyktige lærarare legge til rette for lærelyst, trivsel og samhald. Dei vil skape eit inkluderande og utviklande læringsmiljø. Følg med utover våren for meir informasjon!

Bilde av Tor Olav

Tor Olav Mundal

Rektor

Tor Olav vil vere rektor ved Jotunheimen privatistskule og vi hå det overordna ansvaret for skulen. Tor Olav har inngåande kjennskap til det vidaregåande skulesystemet og har vore leiar for ei av dei fremste vidaregåande skuleavdelingane i Noreg. Med solid undervisningskompetanse i mellom anna historie, norsk, samfunnsfag og kroppsøving, har han brei erfaring både som pedagog og leiar. Tor Olav er opptatt av å sjå kvar enkelt elev og legge til rette for at alle elevar skal oppleve trivsel og meistring.

Kari Ousten Lyngved

Kari Ousten Lyngved er fødd og oppvaksen i Dalsbygda ein gong i førre årtusen, og bur no saman med mann og barn i Flatmogrenda i Lom. Kari er glad i både fjell og folk, og underviser fyrst og fremst i norsk og engelsk.

Bjørg Lund

Bjørg er fødd og oppvaksen i Lom, og bur der i dag saman med Jostein. Ho har tre barn og to barnebarn. I over 30 år har ho vore drivar og leirskulelærar ved Jotunfjell leirskule, saman med Jostein Aakre og Knut Erik Tessnes. I tillegg har ho jobba i vidaregåande opplæring i Lom i 18 år. Bjørg trivst med å vera aktiv heile året, og har eit stort engasjement for både leirskule og vidaregåande skule. Ho legg vekt på å skape trygge rammer og eit inkluderande klassemiljø der det er plass til alle elevar – uavhengig av interesse for kroppsøving og fysisk aktivitet. Samstundes meiner ho at kroppsøvingsfaget skal medverke til ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter endt skulegang.

Åse Mette Storbråten

Åse bur i Bråtå der ho driv eit småbruk saman med mannen. Dei har sau, kasjmirgeit og sommargris. Friluftsliv er viktig for ho, men ho koser seg med bundingen når ho kan.

Etter cand.scient-eksamen i naturgeografi frå Universitetet i Oslo fekk ho arbeid på Lom vidaregåande skule. Faga ho underviser i no er geofag, geografi og matematikk. Ho er veldig glad i arbeidet sitt, og prøver å dele begeistringa for fag med elevane. Neste skuleår blir spanande og utfordrande og Åse gler seg til å tenkje nytt, undervise og rettleie elevane fram mot eksamen.

Jeanette Andersson Schakenda

Jeanette Andersson Schakenda er frå Oslo, men har budd i Lom sidan 2004. Same året kom ho til Lom for å starte bakeri, og hausten 2004 leverte ho hovudfagsoppgåva si i fysikk. Frå 2005 har ho undervist i ulike realfag. Jeanette er særleg oppteken av musikk og natur, og er nysgjerrig på folk og glad i å prate om faga sine. Skuleåret 2025–26 skal ho undervise i realfagsmatematikk og biologi.