Eit trygt og fleksibelt skuletilbod

Vidaregåande opplæring i trygge omgjevnader nær heimen

Jotunheimen privatistskule arbeider for å opne hausten 2025. Vi vil tilby skreddarsydd vidaregåande opplæring for ungdom med ulike behov og ambisjonar.

Fleksibilitet og meistring

På Jotunheimen privatistskule legg vi stor vekt på å tilpasse opplæringa til kvar enkelt elev. Vi vil tilby studieretningane bygg- og anleggsfag og studiespesialisering:

  • Privatistmodellen gir kvar og ein tett oppfølging frå erfarne lærarar, med ein skulekvardag med både fridom og struktur. Vi har fullt fokus på at eleven skal lykkast på eksamen.
  • Enklare overgang til høgare utdanning med arbeidsformer som set eleven i stand til seinare å lykkast på høgskule og universitet.
  • Skreddarsydd undervisning der kvar elev blir møtt der dei er – både fagleg og personleg. Dette gjev eit godt grunnlag for meistring.
  • Kortare reiseveg for lokale elevar.

Til deg som føresett

Skulen passar godt for elevar som ønskjer meir fleksibilitet og ei tilpassa opplæring. Det er viktig å vera klar over nokre av dei viktigaste utfordringane:

  • Fleire eksamenar: Elevar ved ein privatistskule må ha eksamen i alle avgangsfag. Med lågare prøvepress elles er det god tid til eksamensførebuing gjennom heile studieåret.

Vil du vite meir om skulen vår? Ta kontakt eller les ofte stilte spørsmål.