Din skule – dine moglegheiter
Læring, utvikling, meistring og gode opplevingar saman med andre.

Frå hausten 2025 kan du bli elev hjå oss i Lom, ein privatistskule med studiespesialisering og bygg- og anleggsteknikk. Du får friheit til å velje blant mange programfag og kan oppnå både generell og spesiell studiekompetanse.
Vi tilpassar oppfølginga til dine behov – enten du treng ekstra støtte eller meir friheit til å styre kvardagen din. Gjennom privatistmodellen får du tett oppfølging av dyktige lærarar og kan i stor grad påvirke din eigen skulekvardag.
Kvifor bli elev i Lom?
- Høg kvalitet: Du vil gå på ein skule med godt miljø, dyktige lærarar og stort fokus på læring.
- Skreddarsydd undervisning: Lærarane tilpassar undervisninga etter dine behov, slik at du kan utvikle deg best mogleg.
- Kortare reiseveg: For lokale elevar gir skulen eit enklare alternativ med kortare reiseveg.
Her kan du sjå ei rekkje spørsmål og svar for meir informasjon.
Kva må du vera førebudd på?
- Større ansvar: Du får meir fridom, men må også ta meir ansvar. Lærarane er her for deg, og på skulen blir alle sett.
- Eksamen i avgangsfag: Som privatist må du ta eksamen i alle avgangsfag. Dette betyr fleire eksamener, men gjennom året vil du få tid til å førebu deg på dette saman med medelevar og lærarar. At du slepp fokusere på noko anna enn læring gjennom skuleåret, gjer at du vil bli svært godt førebudd til eksamen! Det vil vere nyttig i framtida.
- Ikkje fyrstegongsvitnemål: Dersom du tek alle faga på vidaregåande som privatist, så kan du med oppnådd studiekompetanse søke på høgare utdanning i ordinær kvote.

Jotunheimen privatistskule er skulen for deg som ønskjer skreddarsydd vidaregåande opplæring i trygge omgjevnader, der du blir sett og ivareteken av lærarane.
Søk skuleplass i dag og bli med på oppstarten hausten 2025!