Spleiselag til privatskole i gang: Interfil i Skjåk går inn med 4,5 millioner kroner

Skolebråket i Innlandet, livskraftige bygder tar saken i egne hender! 

Lokalsamfunna i Vågå, Lom og Skjåk tek nye grep for å sikre at Jotunheimen privatistskule kan ønskje elevar velkomne til hausten.

Etter fylkestinget i Innlandet sitt vedtak hausten 2024 om å leggje ned mellom anna Lom vidaregåande skule, har engasjementet lokalt vore enormt. Kommunane Lom og Skjåk har garantert for ein tredjedel, altså 20 millionar kroner, av finansieringa av den planlagde Jotunheimen privatistskule. Denne skulen skal drivast fram til Jotunheimen vidaregåande skule er godkjend av Utdanningsdirektoratet.

No kastar næringslivet seg på, og først ut er hjørnesteinsbedrifta Interfil, som går i spissen med ei støtte på 4,5 millionar kroner.

– Styret vedtok i går at vi skal støtte den nye skulen med 2 millionar kroner i 2025, og
deretter vidare økonomisk støtte dei påfølgjande åra. For oss er det viktig å vise at vi ønskjer å satse på ungdommen vår og bidra til at lokalsamfunnet vårt veks og utviklar seg. Det har vore stort engasjement rundt tydinga av at det framleis skal vere ein vidaregåande skule i vår region, og no oppmodar vi andre bedrifter til å bli med på spleiselaget, seier dagleg leiar Arild Garcia de Presno.

Styreleiar Harald Garcia de Presno, gründeren bak industrieventyret frå Skjåk, stadfestar at styret no har vedteke å investere.

– Dette var ei enkel avgjerd. Vi har ikkje råd til å miste skuletilbodet vårt med dei
konsekvensane det vil få for næringslivet i heile regionen. Det einaste rette er å satse på ungdommen vår ved å støtte opp om skuletilbodet i Lom, konkluderer Harald Garcia de Presno.

Frå privatistskule til permanent skule

Medan søknaden om permanent privatskuleløyve ligg hos Utdanningsdirektoratet, tek
lokalsamfunna i Ottadalen grep for å sikre eit skuletilbod frå hausten av. Styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård i TAFI (Tverrfagleg Arbeidsgruppe for Framtidsskulen i Innlandet) stadfestar at det aller viktigaste no er å skaffe 60 millionar kroner for å finansiere den heilt unike privatistskulen. 60 millionar kroner vil sikre drift dei tre første åra.

– Vi har allereie over 80 søkjarar til den nye skulen! Her blir det tilbod om både
studiespesialisering og bygg- og anlegg. Søkjartalet viser at behovet er stort, og vi er klare til å levere eit solid skuletilbod av høg kvalitet til ungdomane våre frå august i år. Men då er vi avhengige av at lokale bedrifter og andre bidreg med støtte.

Kronerullinga startar no for fullt

TAFI, etablerarane bak den nye skulen, har toppa laget med engasjerte næringslivsaktørar frå både Skjåk, Lom og Vågå. Tysdag denne veka hadde dei kickoff for å fordele arbeidsoppgåver. Hanna Flækøy Skjåkødegård er stolt av laget som no blir sendt ut for å sikre skulen si finansiering.

– Ta godt imot dei når dei i løpet av februar tek kontakt; Ola Skogen, Dag Lindvig, Ivar
Dalsegg, Råmund Mundhjeld, Arnt Rune Vole, Olav Grjotheim, Amund Teigen og Omar Lien.

For privatpersonar som støttar skulen, kan òg Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom melde om svært stor aktivitet i desse dagar – på tre veker har 950 meldt seg inn i
venneforeininga. Støtta er brei, og medlemene er både lokale, regionale, nasjonale – og internasjonale!