Om Jotunheimen privatistskule
Velkomen til Jotunheimen privatistskule – ein skule der læring, natur og skreddarsydd opplæring møtest for å skape moglegheiter for alle ungdommar.
Saman med eleven, lærarane, føresette og solide samarbeidspartnarar, ynskjer Jotunheimen privatistskule å leggje eit best mogleg grunnlag for vegen vidare i livet.
Med base i Lom, rett ved porten av Jotunheimen og fleire andre nasjonalparkar, tilbyr vi vidaregåande opplæring i eit unikt læringsmiljø der kunnskap og natur går hand i hand.



Eit tilpassa skuletilbod
Skulen er basert på den velprøvde Bjørknes-modellen, der elevane gjennom ei privatistløysing får tett oppfølging og fridom til å forme eigen kvardag. Lærarane har høg kompetanse, lang erfaring og hjarte for læring. Hjå oss blir undervisninga forma med elevane i fokus.


