Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på nokre av spørsmåla du kanskje lurar på. Ellers må du ikkje nøle med å ta kontakt via kontaktskjemaet vårt.
Søke skuleplass
Du søker på skuleplass i søknadsskjemaet vårt. Søknadsfristen er 3. mars. Søknader sendt inn etter fristen vert vurdert individuelt. For spørsmål om søknaden kan du bruke kontaktskjemaet på nettsida.
Vi kan ikkje garantere at Jotunheimen privatistskule får på plass tilstrekkeleg finansiering. Det er difor svært viktig at du søker på skuleplass i den offentlege skulen i tillegg. Dette for å vera sikker på å ikkje stå utan skuleplass til hausten.
Du vil få ei stadfesting på innsendt søknad på e-post. Endeleg opptak vil bli klart i løpet av våren og sommaren. Vi arbeider intenst med å skaffe nok midlar til å kunne ta imot elevar i august, men per nå kan vi dessverre ikkje garantere for dette. Vi oppmodar deg om å halde utkikk etter oppdateringar på nettsida og per e-post. For spørsmål kan du kontakte oss via e-post eller kontaktskjemaet på nettsida.
Ja, vi ønskjer at du sender inn vitnemålet ditt per post. Vi vil kontakte deg med meir informasjon om dette utover våren.
Nei, i utgangspunktet ynskjer vi å kunne tilby eit undervisningstilbod til alle som ønskjer å gå på skulen vår. Vi ser på kvar søkjar individuelt, og vurderer søknadene basert på tilgjengeleg plass og ressursar.
Søknadsfristen er 3. mars 2025. Det er og mogleg å søkje i etterkant av dette. Søknader sendt inn etter fristen vil bli vurdert på individuelt grunnlag.
Undervisning
Det vil bli gjennomført vurderingar undervegs i løpet av året, der du som elev får tilbakemelding på korleis du ligg an i faget. Dette vil gje deg forståing av kva du meistrar og kva som trengs å jobbast meir med før eksamen. For å gjere vurderinga mest mogleg lik eksamenen, vil det bli gjennomført eksamensliknande prøver, både muntleg og skriftleg. Dette er ein viktig del av førebuinga, då det gjev eleven erfaring med eksamens-situasjonen.
I utgangspunktet ynskjer vi å kunne tilby undervisning i fyljande programfag:
Engelsk 1 og 2
Politikk og menneskerettar
Sosiologi
Psykologi 1 og 2
Kjemi 1 og 2
Fysikk 1
Matematikk R1 og R2
Geofag 1 og 2
Biologi 1 og 2
Breiddeidrett 1, 2 og 3
Vi tek her forbehald om endringar. Følg med!
Ja, det vil la seg gjere. Her vil ikkje nødvendigvis lærar ved skulen kunne rettleie deg, og du vil i større grad måtte ta faget på eigahand.
Eksamen
Som privatist er du ansvarleg for eigen opplæring og undervisning, og du må sjølv melde deg opp til eksamen. Du kan ta privatisteksamen i fag på både yrkesfaglege og studieforberande utdanningsprogram. Jotunheimen privatistskule vil støtte og leggje til rette for undervisning og rettleiing i dei faga som du skal ta privatisteksamen i.
Eksamen føregår på same måte som i den offentlege skulen. Du kan finne meir informasjon om privatisteksamen her (ekstern lenke).
Eksamensoppgåvene for privatistar er baserte på den same læreplanen som oppgåvene i det offentlege skuleløpet. Difor er oppgåvene like både når det gjeld innhald og vanskegrad. Skriftlige eksamenar er identiske med eksamenane i offentleg skule.
Dette vil kunne variere avhengig av kor langt du har kome i det vidaregåande skuleløpet. På VG3 vil det normalt vera fleire eksamenar enn på VG1, men kor mange det blir, kan variere frå semester til semester. Vanlegvis vil det vera mellom 3 og 5 eksamenar per semester.
Her fyljer en tabell som syner korleis dei tre vidaregåande åra i utgangspunktet vil sjå ut:
STUDIESPESIALISERANDE:
VG1:
Matematikk 1P/1T Vg1 – Skriftleg
Engelsk Vg1 – Skriftleg og munnleg
Naturfag Vg1 – Munnleg praktisk
Samfunnskunnskap Vg1 – Munnleg
Geografi Vg1 – Munnleg
VG2:
Matematikk R1/2P Vg2 – Skriftleg
Fremmedspråk** 2 Vg2 – Munnleg og skriftleg
Programfag 1 Vg2 – Eksamensform avhengig av fag (hovudsakleg munnleg)
Programfag 2 Vg2 – Eksamensform avhengig av fag
Programfag 3 Vg2 – Eksamensform avhengig av fag
VG3:
Norsk* Vg3 – Sidemål, hovudmål og munnleg
Historie*** Vg3 – Munnleg
Religion og etikk Vg3 – Munnleg
Kroppsøving* Vg3 – Munnleg praktisk
Programfag 1 Vg3 – Eksamensform avhengig av fag
Programfag 2 Vg3 – Eksamensform avhengig av fag
Programfag 3 Vg3 – Eksamensform avhengig av fag
* Ein vil ha norsk og kroppsøving alle tre åra, men det er eksamen kun etter VG3
** Fremmedspråk har ein dei to fyrste åra, men det er eksamen kun etter VG2
*** Historie har ein på VG2 og VG3, men eksamen er kun etter det tredje året
Bygg – og Anleggsfag VG1 + Tømrar VG2
VG1:
Matematikk VG1 – Skriftleg
Engelsk VG1 – Skriftleg og munnleg
Naturfag VG1 – Munnleg praktisk
Arbeidsmiljø og dokumentasjon VG1 – Skriftleg
Praktisk yrkesutøving VG1 – Skriftleg
Tverrfagleg etter VG1 – Praktisk (usikker på eksakt form)
VG2:
Samfunnskunnskap VG2 – Munnleg
Norsk VG2 – Munnleg og skriftleg
Kroppsøving VG2 – Munnleg praktisk
Konstruksjonar og klimaskall VG2 – Skriftleg
Materialeigenskaper, varmeisolering og tetting VG2 – Skriftleg
Vindauge, dører og innvendig arbeid VG2 – Skriftleg
Tverrfagleg eksamen VG2 – Praktisk
Ja, det blir gjennomført eksamenar både i haust- og vårsemesteret. Som elev vil du, i samarbeid med lærarar, utarbeide ein plan for å fordele eksamenane på ein fornuftig måte gjennom skuleåret. Denne planen vil blant anna ta utgangspunkt i storleiken på faga og eksamensdatoar.
Dette vil avhenge av kva fag du tar. For eksempel vil det vere knytt ein skritleg eksamen til Matematikk 1P, medan det er ein muntleg eksamen knytt til Samfunnskunnskap (VG1). Skulen vil lage ei oversikt over eksamenane i starten av semesteret, slik at du får vite kva du kan forvente.
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å arrangere eksamenar. Difor kan det variere kvar eksamen blir gjennomført. Dei fleste eksamenar vil truleg finne stad ved næraste fylkeskommunale vidaregåande skule, til dømes på Otta eller Vinstra. Du vil få beskjed om eksamensstad i god tid før eksamen, og det er viktig å møte opp i god tid på eksamensdagen. Praktisk informasjon som eksamenstidspunkt, parkeringsmoglegheiter og kollektivtransport finn du i eksamensinnkallinga.
Eksamensperioden for privatistar i haustsemesteret varer vanlegvis frå tidleg i november til 20. desember, medan i vårsemesteret varer den frå tidleg i april til rundt 20. juni.
Ja, dette vil ein arbeide med gjennom heile det vidaregåande skuleløpet. Skulen vil gjennomføre både heildagsprøvar og muntlege prøver som liknar eksamen. Du som elev vil få svært god trening og rettleiing i samband med eksamen.
Ja, oppmelding til eksamen må du gjøre sjølv. Dato for dette er 1. – 15. september for haustsemesteret og 15. januar – 1. februar for vårsemesteret. Påmelding skjer via https://privatist.inschool.visma.no/. Dei tilsette på skulen vil hjelpe deg med søknadsprosessen.
Som privatist har du moglegheit til å melde deg opp for å ta eksamen på nytt ved eit seinare høve. Dette vil medføre ein kostnad som ikkje nødvendigvis blir dekt av skuletilbodet.
Ja, dette vert organisert gjennom eksamenskontoret. Her meldar ein inn behov i god tid før eksamen. Skulen vil vere med å rettleie eleven i å melde inn dette.
Skuleskyss
Som elev får du gratis skuleskyss. Du kjøper Barne- og Ungdomsbillett som kostar 320 kr per månad, og kan bruke bussane på same måte som i dag. Skulen vil gje informasjon om rutetjenester og billettordningar i starten av skuleåret. Elevane kan bruke ungdomsbilletten til alle lokale bussruter i fylket. Skulen tek sikte på å fullt ut dekke kostnadane du har til skuleskyss. Les meir om bussruter i Innlandet (ekstern lenke).
Ja, skulen tek sikte på å dekk Barne- og Ungdomsbillett for kvar elev. Denne billetten kan brukast på alle ruter i Innlandet.
Utveksling
Ja, dette bør vera mogleg å få til. Du må avklare dette med nokon på skulen så tidleg som mogleg.
Det er eksamenkontoret som har ansvaret for å godkjenne fag og eksamener tatt i utlandet. Dei skal vurdere karakterane frå utveksling på samme måte som offentlege skular, men Jotunheimen privatistskule kan ikkje garantere at du får alle karakterane godkjent.
Økonomi
Målet er at tilbudet skal være gratis for elevane, men dette vil avhenge av om vi klarer å sikre tilstrekkelig finansiering. Dersom vi ikkje får nok midlar, kan det bli nødvendig med ei eigenandel per månad per elev. Du vil få tilbod om ei leasingavtale på PC, der eleven får tilbod om å overta PC-en etter tre år.
Skulen dekkjer lærebøker og anna læremateriell.
Du vil få tilbod om ei leasingavtale på PC, der du kan overta PC-en etter tre år. Skulen tek sikte på å dekke utstyr/pc gjennom ein tilskotsordning, dersom det ikkje er eiga avtale med Lånekassa.
Anna
Ja, på studiespesialisering får du generell studiekompetanse, og vel du realfagsfordjupning får du spesiell studiekompetanse.
Ikkje fyrstegongsvitnemål: Dersom du tek alle tre åra på vidaregåande skule som privatist, vil du i utgangspunktet ikkje få fyrstegongsvitnemål. Dette betyr at du ved søknad på høgare utdanning må søke i ordinær kvote. Det er viktig å merke seg at det ikkje er lagt opp til at du som elev skal gå alle tre åra som privatist, da det vert arbeidd med å få på plass ein offentleg godkjent privat vidaregåande skule i Lom så raskt som råd. Dersom du har gått minst eit år i ein vidaregåande skule vil du få fyrstegongsvitnemål.