Over 80 søknader til privatistskulen

Vi er glade for den store interessa rundt privatistskulen som no har passert 80 søknader. Det er gledeleg at så mange ønskjer å ta del i dette, og vi ser fram til fleire søknader før fristen går ut. Søkjarane så langt er jamt fordelt mellom dei tre Ottadalskommunane: Skjåk, Lom og Vågå. Det er i tillegg ei god spredning mellom studiespesialisering og bygg – og anleggsteknikk. 

Søknadsfristen er 1. mars, og vi oppmodar alle som vurderer å søkje, om å gjere det innan denne datoen. Søknader som kjem inn innan fristen, gjer det enklare for oss å planleggje vidare.

For dei som har spørsmål, blir «Spørsmål og svar»-seksjonen jamleg oppdatert. Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på der, er det berre å ta kontakt via kontaktskjemaet. Vi svarar gjerne på spørsmål du måtte sitja inne med!

Finansiering av privatistskulen

For at Jotunheimen privatistskule skal kunne starte opp hausten 2025, er økonomisk støtte frå både kommunane og næringslivet avgjerande. Førre veke vedtok både Lom og Skjåk kommune å garantere for ein tredel av driftskostnadene over ei treårsperiode. Dette er eit viktig bidrag og eit stort steg mot å sikre eit skuletilbod i Lom frå hausten.

Samstundes startar no arbeidet med å få støtte frå næringslivet. Vi vil halde fram med å informere om utviklinga og leggje ut oppdateringar etter kvart som den økonomiske situasjonen blir klårare.