
Jotunheimen vidaregåande skule er ein offentleg godkjend privatskule med oppstart hausten 2026. For skuleåret 2026/2027 skjer søknad til skulen gjennom eige søknadsskjema på jotunheimenvgs.no.
Den ordinære søknadsfristen er 1. mars. Samstundes er det mogleg å sende søknad også etter denne datoen. Vi tek imot søkjarar heilt fram til skulestart, så lenge vi har ledig kapasitet. Opptak av elevar skjer i tråd med skulen sitt inntaksreglement.
Skulen arbeider med å få på plass ei løysing for søknad gjennom VIGO frå og med skuleåret 2027/2028. Fram til dette er på plass, nyttar vi eige søknadssystem.
Dersom du har spørsmål om søknadsprosessen, inntak eller skuletilbodet vårt, er du velkomen til å ta kontakt med oss. Vi svarar gjerne og hjelper deg vidare.
