
Jotunheimen vidaregåande skule har sendt søknad til Utdanningsdirektoratet, med søknadsfrist 1. februar, om godkjenning av VG2 anleggsteknikk, med planlagt oppstart frå hausten 2026.
Søknaden er sendt med ein dispensasjon frå hovudregelen om oppstartstidspunkt, slik at tilbodet eventuelt kan setjast i drift allereie frå skuleåret 2026–2027. Skulen viser til at ein allereie har både lokale, utstyr og fagleg kompetanse på plass, og at VG2 anleggsteknikk er ei naturleg fagleg vidareføring av VG1 bygg- og anleggsteknikk.
Styreleiar i Jotunheimen vidaregåande skule, Hanna Flækøy Skjåkødegård seier følgjande:
– Eg veit at det er ein del forvirring rundt kvifor anleggsteknikk ikkje automatisk vart godkjent då Jotunheimen vidaregåande skule fekk si godkjenning, men forklaringa er enkel. Ideen om å etablere anleggsteknikk i Lom vart først sådd etter at søknadsfristen for å søkje godkjenning av privatskule med oppstart frå hausten 2026 gjekk ut i februar 2025. Ideen kom fordi ein såg ei svært stor etterspørsel etter elevplassar på anleggsteknikk – både frå elevane og frå det lokale næringslivet. No søkjer vi godkjenning fordi tilbodet har vore ein formidabel suksess i privatistskulen.
Skulen viser vidare til at det i dag ikkje finst noko tilsvarande VG2-tilbod i Gudbrandsdalen, og at næraste offentlege tilbod ligg langt unna. Over tid har både elevar og næringsliv gitt tydelege signal om behovet for eit lokalt tilbod innan anleggsteknikk.
Jotunheimen vidaregåande skule meiner at ei godkjenning av VG2 anleggsteknikk vil styrkje det samla yrkesfaglege tilbodet i regionen, og fungere som eit viktig supplement til det offentlege skuletilbodet.
