Jotunheimen vidaregåande skule godkjent som privatskule – klar for oppstart hausten 2026!

Foto: Iver Lund Aakre

Vi er stolte av å kunne meddele at Jotunheimen vidaregåande skule no formelt har fått godkjenning frå Kunnskapsdepartementet til å etablere seg som privat vidaregåande skule med rett til statstilskot frå og med hausten 2026.

Godkjenninga er eit viktig steg i arbeidet med å sikre vidaregåande opplæring i Lom og nærområdet, og stadfestar verdien av eit sterkt og lokalt skuletilbod i distrikta. Ei stor takk til alle som har gjort Jotunheimen vidaregåande skule til virkelegheit!

Vi har allereie starta arbeidet med å klargjere for både innsøking og skulestart hausten 2026. Det blir no jobba med planlegging av skuletilbod, organisering og praktisk tilrettelegging, slik at vi står godt rusta til å ta imot dei første elevane.

Vi vil dele meir informasjon så snart det skjer noko nytt. Følg med på jotunheimenvgs.no for oppdateringar om søknadsprosess, fristar og vidare framdrift.

Bruk kontaktskjema dersom du har spørsmål kring skulestart til hausten!