
Måndag 18. august kl 09.00 markerar vi opninga av Jotunheimen privatistskule – og samtidig blir dette fyrste skuledag for deg som har takka ja til studieplass. I den samanheng vil vi dele praktisk informasjon som er nyttig å ha med seg før skulestart.
Timeplan og skulekvardag
I løpet av oppstartsveka vil du få utdelt timeplan for klassen din. Då vil vi òg informere om start- og sluttider, pausar og andre rammer rundt skuledagen. Oppstartsveka vil vere prega av informasjon, aktivitetar og sosialt samvær – så vi legg opp til ei trygg og god innføring i skulekvardagen.
Digitalt utstyr
Alle elevar får låne ein bærbar PC av skulen, og det vil vere mogleg å kjøpe ut maskina etter endt skuleår. Vi brukar Microsoft Office som hovudplattform for kommunikasjon og oppgåveløysing. Det er viktig at du loggar deg på med Feide-brukaren du får utdelt.
Læremiddel
Skulen stiller med både digitale og fysiske læremiddel i alle fag. Desse er gratis for deg som elev og blir delte ut ved skulestart. Du treng difor ikkje kjøpe lærebøker sjølv.
Skyss til og frå skulen
Jotunheimen privatistskule dekker utgifter til periodebillett frå Innlandstrafikk for elevar som treng skuleskyss. Dette betyr at du kan ta buss til og frå skulen utan kostnad. Vi vil òg finne praktiske løysingar for deg som bur utanom ordinære bussruter, slik at alle kjem seg trygt til og frå undervisning.
Oppstartstur til Sognefjellshytta
Heilt i starten av skuleåret inviterer vi alle elevar og lærarar på ein fellestur til Sognefjellshytta. Her skal vi bli kjende med kvarandre og markere starten på eit nytt og spennande skuleår. Det blir både faglege og sosiale aktivitetar, og vi legg opp til ei minneverdig oppleving i storslått natur. Meir informasjon om oppstartsturen kjem i løpet av dei fyrste dagane.
Vi gler oss til å møte deg – og ser fram til eit skuleår fylt med læring, meistring og samhald! Har du spørsmål i forkant av skulestart, er du velkomen til å ta kontakt med oss på e-post: kontakt@jotunheimenvgs.no.
Velkomen til Jotunheimen privatistskule!