Velkomen til ein historisk dag!
Saman markerer vi opninga av Jotunheimen privatistskule – eit stort steg for både utdanning og utvikling i regionen. Dette blir ein festdag, og alle som vil, er hjarteleg velkomne til å delta!
Program for dagen
08.30–08.50: Oppmøte på parkeringsplassen ved Utgard
09.00: Snorklipping og offisiell opning (ved hovudinngangen, Utgard)
09.00–10.00: Opningsseremoni (Idrettshallen)
10.00–11.00: Omvisning på skulen (Utgard og Byggfagbygget)
11.30–12.30: Kakefest i Utgard for alle / lukka lunsj for elevar og inviterte gjestar
12.30–13.30: Politisk debatt (Idrettshallen)
13.30–14.30: Pause, mingling og medieintervju (Aula/Idrettshallen)
15.00–15.30: Skulegudsteneste (Lom stavkyrkje)
Parkering og oppmøte
• Alle som kjem med eigen bil kan parkere i Grov. Herifrå er det kort gangveg til hovudinngangen på Utgard.
• Dei som kjem med skulebuss, blir møtt av ein lærar på Loar og følgt i samla tropp til opninga.
• Under snorklippinga vil elevane stå samla framfor Utgard, på tilvist område.
Påkledning
Dette er ein festdag. Nokon kjem i bunad, andre i penklede, og mange kjem i heilt vanlege klede. Du bestemmer sjølv kva du vil ha på deg, det viktigaste er at du føler deg vel.
Om «sendingar»
Det er veldig hyggeleg at så mange har tilbydd seg å ta med «sending» (kake) til opningsdagen.
Vi set stor pris på omtanken, men dessverre har vi ikkje kapasitet til å ta imot dette denne dagen.
Giverfest i oktober
For å takke bedrifter, lag og foreiningar som har bidrege til å realisere skulen, vil det bli arrangert ein eigen giverfest i Skjåkhallen laurdag 11. oktober. Meir informasjon om denne festen vil kome seinare.
Vi legg ut meir informasjon her i arrangementet etter kvart som vi nærmar oss, så følg gjerne med! Dette er ein merkedag for både skulen og lokalsamfunnet, og vi gler oss til å sjå dykk!