Jotunheimen privatistskule – registrert som studiestad hjå Lånekassen

Lånekassen har no registrert Jotunheimen privatistskule som ein godkjend studiestad. Det betyr at elevane ved skulen kan søkje om studiestøtte for å fullføre vidaregåande opplæring. Studiestøtta blir gitt som lån, der delar av lånet kan bli gjort om til stipend dersom eleven består eksamen i dei faga han eller ho har meldt seg opp til.

Tilbodet ved Jotunheimen privatistskule er gratis, og omfattar både skuleutstyr, skyss og opplæring. Elevane treng heller ikkje flytte på hybel for å gå på skulen. Vi i styret ved Jotunheimen privatistskule trur derfor at få – om nokon – av elevane vil ha behov for å søkje om studiestøtte.

Dersom nokon likevel vel å søkje støtte frå Lånekassen, vil ein av dei tilsette ved skulen ta direkte kontakt med kvar enkelt elev. Då vil vi gje nærare informasjon om ordninga, og saman vurdere om det er lurt for eleven å søkje. Dette er viktig fordi studiestøtte på vidaregåande nivå kan bli til studiegjeld dersom ein ikkje består eksamen. I tillegg kan ein maksimalt få støtte frå Lånekassen i åtte år, noko som kan få konsekvensar ved seinare studium.