Jotunheimen privatistskule med oppstart hausten 2025!

Det er med stor glede at vi kan melde at Jotunheimen privatistskule i Lom blir ein realitet, og at vi kan tilby eit vidaregåande skuletilbod frå og med hausten 2025. Dette inneber at vi til hausten opnar dørene for elevar som ønskjer å tå den vidaregåande opplæringa si i Lom!

I løpet av våren vil alle elevar som har meldt si interesse, saman med føresette, bli inviterte til eit informasjonsmøte. På dette møtet vil vi presentere meir om det pedagogiske opplegget, dei sosiale rammene rundt skuletilbodet og annan praktisk informasjon. Vi vil også setje av god tid til spørsmål, slik at alle får høve til å få svar på det dei lurer på.

Følg med utover våren for meir informasjon. Brenn du inne med spørsmål, ta kontakt via kontakt@jotunheimenvgs.no eller bruk kontaktskjemaet!

Me ønskjer alle i riktig så god påske!