Folkemøte i januar

Foto: Mari Arnøygard Wedum

Vi håpar på stort oppmøte og engasjement frå både Vågå, Lom og Skjåk. Onsdag kveld 22. januar inviteres alle interesserte til eit ope informasjonsmøte i Utgard i Lom.

Temaet er den varige skulen – Jotunheimen vidaregåande skule, og den mellombelse skulen – Jotunheimen privatistskule.

Møt opp for informasjon om planane og status i arbeidet! Vi ser fram til å endeleg dele meir om våre visjonar med lokalsamfunnet. Så ynskjer vi å inkludere så mange som mogleg i prosessen og høyre deira tankar – no som vi formar eit nytt kapittel saman.

Tid og stad:

📅 Dato: Onsdag 22. januar 2025

⏰ Tid: 18:00–19:30

📍 Stad: Utgard i Lom (kultursalen)

Varmt velkomen!

Dersom du ikkje har høve til å stille fysisk på informasjonsmøtet i Utgard neste veke, kan du fylgje heile møtet på Fjuken-TV. Etter avtale med arrangøren strøymer dei heile møtet.