Om oss

Jotunheimen vidaregåande skule er ein offentleg godkjend kristen privatskule i Lom, med oppstart hausten 2026. Skulen ønskjer å gi elevane vidaregåande opplæring i eit trygt og levande skulemiljø, der relasjonane mellom elevar og lærarar verkeleg betyr noko.

Skulen er forankra i den rike folkekyrkjelege tradisjonen i Lom og Gudbrandsdalen. Med utgangspunkt i miljøet rundt Lom stavkyrkje vil elevane få ei oppleving av korleis kristentrua har forma liv og samfunn frå mellomalderen til i dag. Verdigrunnlaget byggjer på verdiar frå kristen og humanistisk tradisjon. Vi ønskjer å vere ein open og inkluderande skule, der det er rom for livssyn, danning og refleksjon, og der kvar elev blir møtt med respekt – uavhengig av bakgrunn.

Skulen ligg i Gudbrandsdalen, i Lom, med Jotunheimen nasjonalpark rett utanfor døra. Her ligg skulekvardagen tett på ein storslått, vill og ekte natur. Naturen og nærområdet blir nytta aktivt i opplæringa, og gir elevane unike moglegheiter til å oppleve læring og meistring i eit landskap som set spor – både fagleg og menneskeleg. Felles opplevingar ute skapar samhald, sterke relasjonar læringa blir meir varig og meiningsfull.

Skulen har nynorsk som både undervisningsspråk og administrasjonsspråk. Dette speglar språk, kultur og identitet i regionen, der eit stort fleirtal av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål. Nynorsk er ein naturleg del av kvardagen på skulen.

Jotunheimen vidaregåande skule ønskjer å løfte fram verdiar som fellesskap, nestekjærleik og ansvar for kvarandre og for naturen vi er ein del av. Desse verdiane skal prege skulekvardagen, relasjonane mellom elevar og vaksne, og måten vi arbeider saman på – både i og utanfor klasserommet.