Jotunheimen vidaregåande skule

Vil du at barnet ditt skal få utvikle seg i eit sterkt og inkluderande fellesskap, tett på naturen og omgitt av kunnskapsrike, trygge vaksne?

Kvifor bli elev ved Jotunheimen vidaregåande skule?

Å velje vidaregåande skule er eitt av dei største og viktigaste vala ein tek som ung. Samstundes er det eitt av dei vala som betyr mykje for dykk som føresette. Det handlar ikkje berre om fag og studieretning, men om kvardagen ungdommen skal leve i, menneska han eller ho skal vere saman med, og rammene ein skal utvikle seg innanfor. For mange blir vidaregåande skule ein stad der ein finn retning, meistring og tilhøyrsle – og der grunnlaget blir lagt for vidare studiar, arbeid og livsval.

På Jotunheimen vidaregåande skule legg vi vekt på å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling. Nedanfor finn de det vi meiner er viktig for at ungdommen dykkar skal få ein god, meiningsfull og heilskapleg vidaregåande skulekvardag.

Nærleik og fellesskap – ein skule der elevane blir kjende

Hos oss er nærleik ikkje eit slagord, men ein måte å arbeide på. Elevane møter lærarar og vaksne som kjenner dei, som følgjer dei opp i kvardagen, og som ser både styrkane deira og det dei treng hjelp med.

Som føresett kan du forvente at ungdommen din møter:

  • faste vaksne og tydelege rammer
  • ein skulekvardag der relasjonar verkeleg betyr noko
  • eit fellesskap som byggjer på tillit, tryggleik og respekt

Fellesskap blir skapt i det daglege – i undervisninga, i møte mellom elevar og vaksne, på turar og i dei små samtalane. Elevane skal kjenne at dei høyrer til, og at dei verkeleg betyr noko for andre.

Kristen forankring – open og forankra i verdiar

Jotunheimen vidaregåande skule har kristen formålsparagraf, noko som inneber at skulen byggjer på verdiar som menneskeverd, nestekjærleik, ansvar, fellesskap og respekt for naturen rundt oss. Desse verdiane gir retning for korleis vi møter elevane i kvardagen, korleis vi byggjer relasjonar, og korleis vi legg til rette for eit trygt, inkluderande og ope skulemiljø.

Som føresett kan de forvente at ungdommen dykkar:

  • blir møtt med respekt og openheit, uavhengig av bakgrunn og livssyn
  • er ein del av eit trygt og inkluderande fellesskap
  • møter eit skulemiljø der alle har lik verdi og blir tekne på alvor
  • får gode rammer for både fagleg og personleg utvikling

Målet vårt er at elevane skal kjenne seg trygge, verdsette og inkluderte, og oppleve at dei høyrer til. Vi meiner dette må liggje til grunn for både fagleg og personleg utvikling.

Kunnskap – fag, danning og refleksjon

Som føresett kan du forvente ein skulekvardag der kunnskap blir forstått som noko meir enn pensum og vurdering. Kunnskap blir forstått som noko som omfattar både fagleg innsikt og personleg utvikling. Det handlar ikkje berre om kva ein kan attgje, men om korleis elevane forstår, tolkar og nyttar kunnskap i møte med verda.

Du kan forvente at kunnskap hos oss blir forstått som:

  • solid fagleg innsikt
  • evne til å sjå samanhengar
  • refleksjon rundt verdiar, livssyn og ansvar
  • utvikling av dømmekraft

Kunnskap handlar både om kva ein kan, korleis ein tenkjer, og kvifor ein handlar. Desse dimensjonane heng tett saman og må utviklast i samspel.

Lærarane hos oss er tydelege faglege autoritetar som skaper struktur, retning og forventningar i undervisninga, og som gjennom gode relasjonar til elevane vil rettleie dei i utviklinga – både fagleg og personleg.

Elevane – aktive og engasjerte

For oss handlar aktive og engasjerte elevar ikkje om høgt tempo, konstant deltaking eller ytre motivasjon. Det handlar om elevar som opplever meining i skulekvardagen, tek del i fellesskapet og gradvis utviklar ansvar for eiga læring. Engasjement veks fram når elevane blir tekne på alvor, får tillit og opplever at det dei gjer har betydning.

Engasjement blir skapt gjennom nærleik, tydelege rammer og relasjonar som gir elevane oversikt og tryggleik. Vi arbeider med undervisning som inviterer til deltaking, refleksjon og ansvar, og der elevane får høve til å vere medskapande i læringsprosessen.

Naturen som del av kvardagen – opplevingar som set spor

Å gå på vidaregåande skule så tett på Jotunheimen betyr at naturen er ein del av kvardagen, ikkje berre ei ramme rundt skulebygget. Fjell, dalar og elver ligg rett utanfor døra, og blir brukt aktivt i opplæringa. Elevane får oppleve læring, meistring og fellesskap i møte med eit landskap som krev noko av dei – og som gir mykje tilbake.

For mange gir naturen rom for konsentrasjon, ro og perspektiv. Felles opplevingar ute skapar samhald, styrkjer relasjonar og gir erfaringar som set spor, både fagleg og personleg. Å vere elev hos oss handlar difor ikkje berre om kva som skjer i klasserommet, men også om å lære gjennom opplevingar saman.

Som føresett kan du forvente at ungdommen din får:

  • læring ute i ekte omgjevnader
  • meistring gjennom praktiske erfaringar
  • fellesskap gjennom turar, aktivitetar og felles opplevingar

Naturen er ein del av undervisninga, fellesskapet og identiteten vår. Han gir ro, utfordringar og perspektiv – og bidreg til ein skulekvardag som er levande, meiningsfull og heilskapleg.

Nynorsk – språk, identitet og kvardag

På Jotunheimen vidaregåande skule er nynorsk undervisnings- og kvardagsspråket. For dykk som føresette betyr det at nynorsk blir brukt naturleg i fag, samtalar og fellesskap. Språket er ein del av identiteten vår og speglar både regionen, historia og kvardagen vi står i.

Samstundes har elevane høve til å nytte bokmål som hovudmål dersom dei ønskjer det. Vi møter elevar med ulike språklege føresetnader, og legg til rette for at alle skal kunne utvikle seg fagleg og språkleg på ein trygg måte.

Som føresett kan de forvente:

  • eit trygt og inkluderande språkmiljø
  • nynorsk brukt aktivt i undervisning og kvardag
  • respekt for ulike språklege føresetnader

Målet vårt er at elevane skal kjenne seg trygge i språket sitt. Vi meiner språk er ein viktig del av både identitet, danning og fellesskap.

Vil du vite meir?

Dersom du ønsker meir informasjon kring skuletilbodet, tå kontakt med oss!