Ønskjer du å støtte skulen økonomisk?
Dersom du som bedrift, lag eller foreining ønskjer å sponse det private vidaregåande skuletilbodet i Lom, ber vi deg om å ta kontakt på post@jotunheimenvgs.no. Vi vil då ta kontakt med deg snarleg.
Det er òg verdt å nemne at TAFI sine gode hjelparar i Lom, Skjåk og Vågå allereie er godt i gang med å kontakte bedrifter i desse kommunane.
Dersom du som privatperson ønskjer å støtte skulen, kan Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom vere eit aktuelt alternativ. Ein kan der melde seg inn i foreininga for ein medlemskontingent på 500 kroner årleg. Det er òg mogleg å gje eit større eingongsbeløp om ein ønskjer det, eller sette opp fast trekk.
Ei viktig oppgåve for venneforeininga er å vise at det vidaregåande skuletilbodet i Lom har brei støtte. Medlemsmassen omfattar både lokale, regionale, nasjonale – og internasjonale støttespelarar. Pengar som kjem inn til venneforeininga, skal gå til å støtte oppretting og drift av Jotunheimen privatistskule/Jotunheimen vidaregåande skule.
Dersom du som privatperson ønskjer å støtte TAFI direkte i arbeidet med den private vidaregåande skulen, kan du ta kontakt med oss på post@jotunheimenvgs.no.
