Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på nokre av spørsmåla du kanskje lurar på. Ellers må du ikkje nøle med å ta kontakt via kontaktskjemaet vårt.
Søke skuleplass
Søking skjer via søknadsskjemaet jotunheimenvgs.no. Vi arbeider med å få skulen inn i Vigo.no fra og med skuleåret 27/28.
Tilbod om skuleplass ved privat vidaregåande skule kjem ofte litt tidlegare enn, eller parallelt med, det offentlege inntaket i fylket. For førsteinntaket skjer dette vanlegvis i midten av juli, ofte i perioden 10.–20. juli. Tidspunktet kan variere frå år til år – men følg med på vigo.no eller her på jotunheimenvgs.no for meir informasjon.
Jotunheimen vidaregåande skule har ikkje eit fast karakterkrav for inntak. Ungdom med bustadsadresse i Lom, Skjåk og Vågå blir prioriterte ved inntak.
Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vil inntaket elles skje etter ordinært inntaksreglement, der karakterar blir lagde til grunn. Alle søkjarar som har fullført grunnskulen og har rett til vidaregåande opplæring, kan søkje skuleplass.
Les om inntaksreglementa her.
Søknadsfristen er 1. mars, på lik linje med den offentlege vidaregåande skulen. Vi har moglegheita til å tå inn elevar også etter søknadsfristen så lenge vi har ledige skuleplassar.
Skulekvardagen
At Jotunheimen vidaregåande skule er offentleg godkjend, betyr at skulen har godkjenning frå styresmaktene til å drive vidaregåande opplæring etter gjeldande regelverk. Skulen følgjer nasjonale læreplanar, krav til vurdering, dokumentasjon og kvalitet, og er underlagt offentleg tilsyn. Elevane får fullverdig vitnemål som er likestilt med vitnemål frå offentlege vidaregåande skular, og som gir grunnlag for vidare studiar og arbeid.
Nynorsk er undervisnings- og administrasjonsspråket på skulen. Samstundes kan elevane nytte bokmål som hovudmål dersom dei ønskjer det. Skulen legg til rette for eit trygt og inkluderande språkmiljø for alle.
Lærarane er tydelege faglege autoritetar og trygge vaksne. Dei skaper struktur, retning og forventningar i undervisninga, og rettleier elevane gjennom gode relasjonar – både fagleg og personleg.
Vi forstår kunnskap som noko meir enn pensum og vurdering. Kunnskap omfattar både fagleg innsikt og personleg utvikling, dømmekraft, refleksjon og evne til å sjå samanhengar. Undervisninga skal gi forståing, ikkje berre gjengiving av stoff.
Tryggleik blir skapt gjennom nærheit i kvardagen. Elevane møter faste vaksne som kjenner dei, følgjer dei opp over tid og tek ansvar for relasjonen. Fellesskap og trivsel blir bygd gjennom dagleg kontakt, tydelege rammer og felles opplevingar.
Du kan lese meir om studietilbodet her.
Du kan få gratis skuleskyss i vidaregåande skule dersom du bur minst 6 km frå skulen, eller har særskilde behov for transport. Du søkjer om skuleskyss via MinSkyss.
Skuleskyssordninga gjeld på same måte som i det offentlege skuletilbodet. Du kan lese meir om skuleskyss her.
Kva er ein kristen privatskule?
Skulen har kristen formålsparagraf og byggjer på verdiar frå både kristen og humanistisk tradisjon. Dette kjem til uttrykk gjennom haldningar, relasjonar og praksis i kvardagen – ikkje gjennom forkynning i undervisninga. Skulen er open og inkluderande, og elevar blir møtte med respekt uavhengig av bakgrunn og livssyn.
Nei. Jotunheimen vidaregåande skule er open og inkluderande for alle elevar. Skulen legg vekt på respekt, menneskeverd og fellesskap, og det er rom for ulike livssyn og perspektiv.
Utveksling
Ja, dette vil det vere mogleg å få til. Sidan Jotunheimen vidaregåande skule er offentleg godkjent skule vil fag kunne søkast inn og godkjennast til vitnemål. Dersom du har tenkt deg på utveksling er det viktig at du tek kontakt med skulen så raskt som råd.
Det er eksamenkontoret som har ansvaret for å godkjenne fag og eksamener tatt i utlandet. Dei skal vurdere karakterane frå utveksling på samme måte som offentlege skular.
Anna
Ja, på studiespesialisering får du generell studiekompetanse, og vel du realfagsfordjupning får du spesiell studiekompetanse.
Lånekassen
Ja, når du er oppteken som elev på ein offentleg godkjent privatskule, som Jotunheimen vidaregåande skule er, har du moglegheit til å få stipen frå lånekassen. Du kan lese meir om dette på Lånekassen.no.
Utstyrsstipend er eit stipend alle elevar i vidaregåande opplæring kan få. Dette skal hjelpe med å dekke kostnader til nødvendig utstyr, som til dømes PC, arbeidsklede eller anna fagspesifikt utstyr. Du kan lese meir om dette på lånekassen.no.
Borteboerstipend er eit stipend for elevar som må bu borte frå foreldra fordi skulen ligg langt unna eller ikkje har bustadmoglegheiter heime. Dette stipendbeløpet er ein fast sats per månad (for studieåret 2025–2026 er det kring 6 871 kroner i månaden). Du kan lese meir om dette på Lånekassen.no.
