
Måndag 17. august 2026 opnar Jotunheimen vidaregåande skule dørene for aller første gong. Ver med og feire fellesskapet – ein merkedag for heile dalen.
Opninga går føre seg i Utgard og i Lom stavkyrkje, og heile dagen er open for alle. Det blir snorklipping, talar, panelsamtale, musikalske innslag, kakefest, politisk debatt og skulegudsteneste. Ta med naboen, ta med familien – dette er ein dag for bygdene i Ottadalen.
Praktisk
Dato: Måndag 17. august 2026
Stad: Utgard og Lom stavkyrkje
Oppmøte: Hovudinngangen til Utgard, kl. 08.30
Program
08.30–08.45 · Oppmøte
Ved hovudinngangen til Utgard.
09.00 · Snorklipping og offisiell opning
09.00–11.00 · Opningsseremoni i Utgard
Talar, panelsamtale og musikalske innslag frå Matoma og Lina Haug.
11.30–12.30 · Kakefest i Utgard
12.45–13.30 · Politisk debatt
«Midt i ei uroleg verd går livet vidare i distrikta – kvar har det vorte av distriktspolitikken?»
13.30–14.30 · Pause, mingling og media
14.30–15.15 · Skulegudsteneste i Lom stavkyrkje
Alle er velkomne.
Parkering
Parkering i Grov. Køyr mot Ottadalen Mølle, og følg skilting og rettleiing frå parkeringsvaktene.
Vi gler oss til å sjå deg 17. august!
