
I august 2025 vil Jotunheimen privatistskule ta imot sine fyrste elevar på VG2-anleggsteknikk. Dette er ei nyoppstarta linje som vil gje elevane fyrsteklasses opplæring innan dei teoretiske og praktiske faga ein treng for å starte ei karriere innan anleggsbransja.
Linja vert starta opp i tett samarbeid med anleggsbransja i regionen, og lokale og regionale entrepenørar vil vera å treffe både som lærarar i dei linjespesifikke teorifaga, som veiledarar i den praktiske maskintreninga og som bedrifts-kollegaer i periodene med utplassering i bedrift.
Mot slutten av året vil elevane gå opp til privatisteksamenar for å vise alt dei har lært.
For å sikre god undervisning og førebu elevane best mogleg til krevjande eksamenar, er det viktig at klassestorleiken ikkje blir for stor. Anleggsteknikk er eit populært fag, og det kan difor bli rift om plassane.
For å søkje, går du inn på søknadsskjemaet og vel «Bygg- og anleggsteknikk – Anleggsteknikk». Vi ber om at søknaden om plass ved Jotunheimen privatistskule blir sendt innan 20.06.2025. For å bli vurdert for opptak, må du ha bestått VG1 Bygg- og anleggsteknikk eller VG1 Teknologi – og industri fag, eller ha tilsvarande opplæring eller erfaring.
Har du allereie sendt ein søknad om opptak til Bygg- og anleggsteknikk VG2 til oss, men ønskjer å endre dette til VG2 – Anleggsteknikk, ber vi deg om å sende inn ein ny søknad.
Dersom noko er uklart, kontakt oss!