Hald av datoen: 28. mai blir det informasjonsmøte i Utgard

Onsdag 28. mai frå kl. 15.30 inviterer vi til informasjonsmøte i Utgard for elevar og føresette som har meldt interesse for privatistskuletilbodet.

På møtet vil lærarane fortelje om det pedagogiske opplegget, og vi vil leggje fram praktisk informasjon om privatistordninga. I tillegg presenterer vi dei utanomfaglege aktivitetane vi har planlagt for å skape eit trygt og inkluderande skulemiljø.

Det blir òg god tid til spørsmål – vi stiller med eit heilt lag som kan gi svar og utdjupe det de lurer på.

Dette er eit viktig møte for alle som vurderer å bli ein del av skuletilbodet vårt, og vi håpar så mange som mogleg har høve til å kome. Om du er elev og nysgjerrig på skuletilbodet, men enno ikkje har meldt interesse, er du likevel hjarteleg velkomen til informasjonsmøtet.