Om Jotunheimen vidaregåande skule

Forankra i fjella – leia av trua

Jotunheimen vidaregåande skule har søkt godkjenning som kristen og offentleg finansiert privatskule etter privatskulelova. Søknaden er sendt til Utdanningsdirektoratet, og vi ventar no på svar.

Skulen skal vere forankra i den folkekyrkjelege tradisjonen i Lom og Ottadalen, og byggje på verdiane i den kristne og humanistiske arven som også ligg til grunn for Grunnlova. Vi ønskjer å skape ein open og inkluderande skule, der det er rom for livssyn, danning og refleksjon – og der kvar elev vert møtt med respekt, uavhengig av trusbakgrunn.

Som den einaste kristne vidaregåande skulen i Innlandet vil vi gje eit tilbod som ikkje finst i fylket frå før. Vi byggjer på ei kulturopen kristendomsforståing, inspirert av Grundtvig og den lokale kyrkjelege tradisjonen i Ottadalen. Samarbeid med kyrkja og bruk av kulturminne som Lom stavkyrkje vil vere ein naturleg del av opplæringa.

Skulen vil ha nynorsk som både undervisningsspråk og administrasjonsspråk – og blir med det den einaste vidaregåande skulen i Innlandet fylke med nynorsk som administrasjonsspråk. Dette speglar språkbruken i regionen, der over 95 % av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål.

Det kristne føremålet handlar ikkje berre om trusopplæring, men om å løfte fram verdiar som fellesskap, medmenneskelegdom og ansvar for kvarandre og skaparverket. Dette skal prege både undervisninga, skulemiljøet og relasjonane mellom elevane og dei vaksne.

Vi held nettsida oppdatert og kjem tilbake med meir informasjon når søknaden er behandla.